Reglar på Sommarleir

Foto: Inger Johanne Ruset/Noregs Ungdomslag

Vi vil at du og alle dei andre på Sommarleir skal kjenne dykk trygge,

og difor har styret i Noregs Ungdomslag vedtatt køyrereglar og retningsliner som gjelder på leiren. I tillegg har organisasjonen vedtatt etiske retningsliner som gjelder for alle arrangement i NU. Dei vaksne som er på leiren følgjer ein beredskapsplan som seier noko om kva vi skal gjere viss det skjer noko. Du som deltakar har ansvar for å følgje køyrereglane for Sommarleir, og det kan vere lurt å lese desse før du kjem på leiren.

35715016405_8293f40094_o.jpg

Køyrereglar

Køyrereglane seier kva slags miljø vi vil ha på Sommarleir i Noregs Ungdomslag, og alle som er til stades under leiren har eit ansvar for å sjå til at leiren er ein fin plass for alle å vere.

Køyrereglane fortel oss at vi ønskjer eit trygt og inkluderande miljø der vi viser respekt for kvarandre.

Foto: Inger Johanne Ruset/Noregs Ungdomslag

 
5926114131_543d1d655b_o.jpg

Retningsliner

Retningslinene for Sommarleir fortel oss kva vi skal gjere viss nokon bryt med køyrereglane. Det vil altså kunne få konsekvensar for deg som deltakar viss du gjer noko som bryt med reglar, ikkje viser respekt for andre eller andre sin eigendom, for tid og aktivitetar, eller på anna måte bryt med reglane. I verste konsekvens kan ein deltakar bli sendt heim for eiga rekning.

Foto: Daniel Heggelid-Rugaas/Noregs Ungdomslag