Vil du hjelpe til?

Foto: Thor Hauknes

Ein potet er ein røynd leirdeltakar som har eit ekstra ansvar for å gjere leiren til ein kjekk stad for alle deltakarane.

På Sommarleiren har me ei gruppe eldre ungdommar som går under namnet «poteter». Desse ungdommane har vore med på leiren før, og har vorte plukka ut etter ein søknadsprosess til å få vere med og hjelpe på leiren. Dei har hovudansvaret for det sosiale på leiren og kan fungere som fadrar for deltakarar som er heilt nye. Dei har òg andre arbeidsoppgåver og kan nyttast til det meste. Derav namnet potet.

Foto: Sindre Vaskinn Hunn

Foto: Sindre Vaskinn Hunn

 

Vil du bli potet?

For å vere potet må du ha deltatt på leir tidlegare, du må vere flink til å sjå menneska rundt deg og engasjere deg i og for leiren.

For å bli potet må du sende ein søknad til post@ungdomslag.no innan 25.april. Søknaden må innehalde informasjon om deg sjølv og grunngjeving for kvifor du passar som potet. Erfaring frå tidlegare leirar er også viktig å formidle. Dei beste kandidatane blir valt ut til å vere potetar. Sjå arbeidsomtale (lenke) for meir informasjon.

Som potet får du:

-        Gratis sommarleir med overnatting på dobbeltrom.

-        Dekka tilsvarande billigaste reiseveg til og frå leiren.

-        Attest for gjennomført oppdrag.