Kva er Sommarleir?

Foto: Noregs Ungdomslag

Sommarleir i Noregs Ungdomslag

- staden der nye minne og nye vennskap blir til

Foto: Per Jørgen Høye

Foto: Per Jørgen Høye

Sommarleiren går av stabelen 12.-16.juli 2024 i Arendal i Agder og er open for ungdommar frå heile Norden.

I tillegg til kursprogram legg vi stor vekt på samvær med andre ungdommar innanfor trygge rammer.

Om kveldane er det mange aktivitetar, frå dansefest til konkurransar og improkappleik der vi testar ut teatersport. Vi legg også opp til utflukt i nærområdet laurdagen. 

Foto: Thor Hauknes

Foto: Thor Hauknes

Deltakarane på leiren er i alderen 13-25. Aldersspennet blant deltakarane har vist seg å vere ein styrke for leiren og det sosiale miljøet.

Noregs Ungdomslag er ein generasjonsorganisasjon som har lange tradisjonar i å invitere til arrangement på tvers av aldrar, og har god erfaring i å la både yngre og eldre ungdommar møtast gjennom aktivitet og sosialt samvær. Dei eldste deltakarane har som oftast sjølv vore med i mange år og veit korleis det er å vere blant dei yngste. Deltakarane våre er flinke til å ta vare på kvarandre og til å inkludere alle.

Foto: Runhild Heggem

Foto: Runhild Heggem

Sommarleiren er eit rusfritt arrangement. Noregs Ungdomslag har bestemt at alle sentrale tilskipingar, uavhengig av målgruppe, skal vere rusfrie; 

§ 2 Trygg samværskultur
1: Noregs Ungdomslag skal ha ein trygg samværskultur for alle og legge til rette for rusfrie møteplassar.
2: Alle tilskipingar på sentralt plan skal vere rusfrie.
3: Styret i Noregs Ungdomslag vedtek etiske retingslinjer som gjeld for heile organisasjonen. Styret peikar ut to verneombod.

Dette betyr at vi har ein rusfri kultur som deltakarane på Sommarleiren har respekt og forståing for, og at dei vaksne på leiren har rutine for korleis ein skal handtere eventuelle tilfelle av brot på reglane.