Sosialt på leir

Foto: Inger Johanne Ruset/Noregs Ungdomslag

Sosiale aktivitetar

14635677677_b1061e5767_o.jpg

Bli kjent med kvarandre

Første dag på leir inviterer vi til lette og uformelle bli-kjent aktivitetar slik at både nye og gamle leirdeltakarar skal finne seg til rette, bli kjent med kvarandre og starte leirveka på ein morosam måte.

Foto: Sindre Vaskinn Hunn

 
48256485056_25e41d2bd6_o.jpg

Mykje moro på kveld

Kvar kveld blir det lagt opp til ulike sosiale aktivitetar i regi av potetane og leirutvalet. Det er viktig for oss at alle har det kjekt på leir, og noko av det som vi veit at mange gler seg til er dei sosiale aktivitetane etter middag.

På leiren er det tradisjon for å ha improkappleik, hekleløp, festmiddag og nattdebatt. I tillegg har det som regel blitt både spel, dans, teaterleik, kubb, kortspel og alt anna kva ein måtte finne på. Du som leirdeltakar må gjerne komme med forslag til aktivitetar ein kan finne på under leir.

Foto: Inger Johanne Ruset/Noregs Ungdomslag