Pakketips

Foto: Thor Hauknes

Det er mykje du kan trenge i løpet av ei veke på Sommarleir.

Det vil bli overnatting på klasserom eller sovesal på skule. Du må difor ha med deg sovepose og liggeunderlag. Det kan vere at det er utstyr du treng for å kunne delta på enkelte av kursa. Det kan for eksempel vere dansesko, instrument eller rekvisittar. Det er viktig at du ser over kva for kurs du skal vere med på og sjekkar om det er utstyr du treng for å delta på dei.

Vi har laga ei pakkeliste over ting alle treng på leir, uavhengig av kurs.

  • Liggeunderlag/oppblåsbar madrass
  • Sovepose (og eventuell pute)
  • Toalettsaker (Dusjsåpe, sjampo, tannkost, tannkrem og hårbørste)
  • Håndklede
  • Gode klede til kurs (lette klede å bevege seg i, turklede o.l.)
  • Gode sko til kurs (dansesko, joggesko, tursko o.l.)
  • Sandalar eller liknande
  • Instrument (til kurs og buskspel)
  • Passande klede til utflukt (sjekk gjerne vêrmeldinga)
  • Ekstra skift av sokkar og undertøy
  • Kjekke klede til festmiddagen (treng ikkje vere stift og fancy)
  • Solkrem
  • Lommepengar
  • Mobil/kamera og ladar
  • Vassflaske
  • Kortstokk