Trygg på Sommarleir

Foto: Runhild Heggem

Det viktigaste for oss er at
alle skal kjenne seg trygge på leir og ha det fint.

For å legge til rette for det, så har NU utarbeida gode rutinar og retningsliner, samt reglar for leir.

Alderen for dei i målgruppa spenner frå 13-25 år, men vår erfaring etter å ha skipa til nesten 20 Sommarleirar, er at dette er ei styrke. Dei eldste ungdommane har som regel vore på fleire leirar tidlegare, og tek ansvar for at dei andre skal finne seg til rette og ha det kjekt. Ungdommane som deltek på Sommarleir i regi av Noregs Ungdomslag har forståing for og følgjer dei reglane som gjelder for sentrale tilskipingar i regi av organisasjonen. Dette gjelder mellom anna førebodet mot rusgifter på leirstaden. Vi har som sagt god erfaring med å blande aldersgrupper, og som generasjonsorganisasjon er det viktig for oss å halde på tradisjonen med at yngre og eldre ungdommar blir kjent med kvarandre gjennom opplæring og sosiale aktivitetar.

Vi er også opptekne av at ungdommane skal kome seg trygt fram til leir. Difor vil det bli organisert følgje til og frå kollektivknutepunkt ved behov. Meir om dette finn du etter kvart på reiseinformasjon.

Vaksne på leir

Under Sommarleir er det eit forsvarleg ansvar vaksne til stades. NU sin administrasjon er på leirstaden heile veka. I tillegg vil det vere representantar frå styret i NU. Alle instruktørane er vaksne og bor på leirstaden under kursdagane, og bidreg også til å sørge for trygge rammer under leiren. På dagtid vil dei vaksne fungere som tilsynsvakter for å sjå til at uvedkommande ikkje kjem inn på området. Både deltakarar og vaksne vil ha på seg armband som synleggjer at dei høyrer heime på leiren. Om natta har vi alltid to vakne, vaksne nattevakter som ser til at alt går greitt føre seg.

Sommarleirutvalet har også eit særskilt ansvar under Sommarleir. Hovudsakleg ligg deira ansvar på å engasjere deltakarane i sosiale aktivitetar og sjå til at deltakarane har ei kjekk oppleving. Sommarleirutvalet består av ungdommar som har vore på leir før, og dei har vore med i planlegginga av årets leir. I tillegg til utvalet plukkar NU ut 3-5 «potetar» etter søknad. Desse får gitt eit ekstra ansvar for trivsel og vil fungere som fadrar for nye på leir.

På Trøndertun vil det også vere reinhaldspersonale, vaktmeistar og kjøkkenpersonale til stades på dagtid. Desse er tilsette ved folkehøgskulen.

Alle vaksne som skal vere på leir skal levere gyldig politiattest (barneomsorgsattest) for dei som skal utføre betalt eller ubetalt oppdrag for friviljuge organisasjonar.

Reglar på leir

For Sommarleir gjelder eigne køyrereglar som alle deltakarar og vaksne må følgje. Desse blir gjort kjent både i førekant av leir, men også på første leirdagen. Viss nokon bryt med desse køyrereglane, så vil det kunne få konsekvensar etter retningslinene for leir. Desse blir også gjort kjent for deltakarane.

Køyrereglar og retningsliner for leir er forankra i organisasjonen gjennom vedtak i styret.

Lenke: køyrereglar og retningsliner

 
Foto: Sindre Vaskinn Hunn

Foto: Sindre Vaskinn Hunn

Beredskapsplan

NU har gode dokument for gjennomføring av arrangement. Det er utarbeide ein eigen beredskapsplan for Sommarleir. Denne blir oppdatert i forkant av leir kvart år og innehelder både kontaktinformasjon, ansvarsfordeling, risikoanalyse og rutinar ved hendingar av ulik årsak. Beredskapsplanen omfattar alt ifrå uvelkomen åtferd, sjukdom og ulykker, til større uføresette hendingar som t.d. naturkatastrofar. Administrasjonen, styret og Sommarleirutvalet har grundige gjennomgangar av beredskapsplanen før leir slik at alle er godt kjente med denne. Beredskapsplanen vil også bli gjort kjent for og ligge tilgjengeleg for alle vaksne som har oppgåver på Sommarleir.

Administrasjonen, Sommarleirutvalet og dei ifrå styret som er til stades vil gjennomføre førstehjelpskurs før leirstart.

Hovudansvarleg under heile avviklinga er Generalsekretær.