Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag

Reise til og frå

Kjem du på sykkel, ror du eller blir du køyrd heilt fram til inngangsdøra?
Kanskje fly eller buss er beste alternativ for deg?

Vi har samla nokre råd for korleis du kan kome deg til og frå Sommarleiren, men det kan hende det finst fleire alternativ også.

Med fly

Fly kan vere eit alternativ for mange.

Nærmaste flyplass når du reiser til og frå Sommarleir er Oslo lufthamn Gardermoen. Det er mogleg å reise vidare med både tog og buss derifrå til Skarnes, der folkehøgskulen er. Du finn informasjon om dette på EnTur sine sider.

Fellestransport frå og til Oslo lufthamn Gardermoen

Vi har moglegheit til å tilby skyss med buss frå og til Oslo lufthamn Gardermoen på ankomst og avreise-dagane. Dette kostar kr.100,- per person, per veg. Du bestiller bussbillett når du melder deg på.

Tidspunkt for buss frå flyplassen blir kl.15.00 måndag 29.juni.
Tilbakereise er kl.15.00 frå leirstaden. Sørg for å bestille flybillettar som samsvarar med dette.

PS: Vi justerer tidspunkta viss fly er forseinka. Eigen informasjon blir sendt ut til alle som kjøper seg bussreise.

Ung jente tek bilde av kystlandskap.
Sunnmøre i solskin. Foto: Noregs Ungdomslag
Bilde av ståande plakat og blome ved inngangsparti
Sommarleiren - Staden der nye minne og nye vennskap blir til. Foto: Noregs Ungdomslag

Med bil

Bur du i nærleiken av leirstaden, kan bil vere enklaste reiseveg.

Adressen til leirstaden er Solbakken folkehøgskule, Ellingsrudvegen 10, 2100 Skarnes.

Buss og tog

Buss kan vere ein fin måte å reise til leir på.

Meir informasjon kjem.

Sol og sommarleir. Foto: Noregs Ungdomslag
Ungdom som står på eit skip på sjøen. Held eit segl, klar til å heisast.
Skal du segle til Sommarleiren i år, kanskje? Foto: Noregs Ungdomslag

Reisestøtte

Noregs Ungdomslag har avgjort å dekke delar av reisekostnaden til deltakarar som har reisekostnader over 1000 kroner etter fråtrekk for reisestøtte frå fylkeslag eller lokallag. Du som har hatt reisekostnader over 1000 kroner kan få støtte på 600 kroner om du sender inn søknadsskjema innan fristen. Vi har nokre enkle krav som må vere oppfylt:

  • Du må vere medlem i Noregs Ungdomslag
  • Du må ha reisekostnader over 1000 kroner

Vi treng å vite kva reisekostnader du har hatt, og kopi av kvitteringar. Fyll ut søknadsskjemaet og send oss dette innan 1.august 2027. Vi vil betale ut reisestøtte til dei som kvalifiserer til dette så snart som mogleg etter fristen.