Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag

Om leirstaden

Sommarleir 2027 finn stad på Solbakken folkehøgskule på Skarnes. Vi har hatt Sommarleir der tidlegare, i 2018, så det er på tide med eit gjensyn.

Solbakken folkehøgskule

Solbakken folkehøgskule ligg på Skarnes, ikkje så langt frå Kongsvinger, og berre ein times tids køyring frå Oslo. Skulen kallar seg den lille frilynte scenekunstskulen. Elevane som går der lærar korleis dei kan vere på eller bak scena, foran eller bak kamera eller korleis skrive for film og scene.

Skulen har akkurat dei romma og areala som vi treng for å skape ei god ramme for kurs og sosiale aktivitetar under vår Sommarleir.

Du kan lese meir om skulen på deira nettsider.

Stor bygning med skråstilt fasade med mange vindauge. Sommar og blå himmel.