Kurs og timeplan
Sommarleiren tilbyr fem langkurs og fleire kortkurs.
I år blir det to langkurs på teater, eitt på bunad, eitt på folkedans og eitt i folkemusikk samspel. Det er berre å glede seg!
Nedanfor finn du informasjon om årets kurs.
Her kan du bli betre kjent med instruktørane.


Velkomen til Sunnmøre!
Planlegg reise til Ulsteinvik og Sunnmøre Folkehøgskule. Vi avsluttar leiren etter lunsj fredag 3.juli, så du kan planlegge heimreisa deretter.
Slik ser Sommarleiren 2026 ut
Dagane på Sommarleir er fylt av kurs, sosiale aktivitetar, kos og hygge. Det er mykje rom for både å lære seg nye ting samtidig som du får nye vennar frå heile Noreg.
Første dag blir alle tekne godt i mot og vi skal bruke tida på å bli kjent med kvarandre. I 2026 dreg vi på utflukt allereie tysdag og startar dagen med kjekke opplevingar for å bli betre kjent. Siste dag avsluttar vi med lunsj før avskjed og heimreise.
Meir informasjon om første og siste dag på leir finner du her.
Her finn du nedlastbar versjon av timeplanen.


Kva korturs er kva dag?
Tysdag 30.juni
- Ril verda rundt
- Felestiller
- Linedance nybyrkar (Merk: ny instruktør)
- Beatboxing
- Geriljabroderi
Onsdag 1.juli
- Springdansar frå Sunnmøre
- Spikking
- Musikaldans
- Scene-tilstedeværelse
Torsdag 2.juli
- Danseleik
- Folkemusikkimpro
- Improvisasjon (teater)
- Origami
- Knyte hoseband

Gløymd noko?
Har du gløymd kva kurs du har meldt deg på? Fortvil ikkje - vi har full oversikt og du får all informasjon du treng når du kjem til leiren. Merk: Det er ikkje mogleg å bytte om på kurs.
Langkurs: Bunadsbroderi
Har du lyst til å lære deg å brodere plattsaum?
Kanskje du har ein draum om å ein dag sy din eigen bunad - heilt sjølv?
På Sommarleir 2026 vil du få moglegheit til å vere med på langkurs med ein erfaren handverkar som lærer deg heilt grunnleggande broderiteknikk. I løpet av kurset vil du brodere ein prøvelapp med mønster frå Hulda-bunaden.
Kva du vil bruke prøvelappen til, bestemmer du heilt sjølv. Kanskje blir det eit fint bilde til å henge opp, ein fin detalj til å sy på klede eller ei veske, eller kva med eit lite pennal?
Hulda Garborg var ein pionèr innan både bunads-, teater- og folkedansarbeid. Ho vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag.


Langkurs: Folkedans med Anna og Nina
På dette kurset vil instruktør Anna og musikar Nina ta deg med i eitmangfald ulike dansar. Du vil danse både på ring, rekke og i par, i ulike taktartar og tempo. Det blir fokus på det grunnleggande tinga i folkedansen og gjennom variert dans og musikk vil du få god kjennskap til sjangeren.
Kurset passar både for deg som har dansa ei stund, men også for deg som er nysgjerrig på kva folkedans er. Saman vil Anna og Nina legge opp til eit kurs der du både får øvd dansemusklane og lattermusklane. Du vil bli eintryggaredansar og får utvida eige danserepertoar. Det er berre å ta på seg danseskoa og slenge seg med!
Langkurs: Folkemusikk
Dette kurset er for deg som spelar eit folkemusikkinstrument og vil lære speltradisjonen frå Sunnmøre og Nordfjord. Her blir det gamle og nye slåttar, i tradisjonell form og i arrangert samspel.
Instruktør på kurset er Åsmund A. Farstad. Han tek utgangspunkt i speltradisjonane frå Sunnmøre, ein særeigen tradisjon med stor breidde og lang historie. Trass gullgruva som tradisjonen er, blir den for lite spela. Så her får du sjansen til å dykke ned i skattekista. Sunnmøre grensar til Nordfjord, og tradisjonane frå desse områda er gode vener, så viss Åsmund tek deg med på ein tur over fylkesgrensa, må du ikkje bli overraska.
Åsmund ser fram til å lære vekk dansemusikk, lydarskåttar, setertonar, hallingar, springarar, valsar og meir frå sitt tradisjonsområde. På kurset vil du bli kjent med spelemenn som Vika-Petter, Syvdsnesen, Gamle-Brendfuren og mange fleire.


Langkurs: Linedance (AVLYST)
For første gong blir det langkurs i linedance på Sommarleir. På dette kurset vil du lære mange nye dansar som du kan ta med deg i kofferten heim. Instruktør Raymond vil bruke inspirasjon frå fleire ulike dansesjangrar og lære deg korleis du kan setje saman trinn til ein koreografi.
Raymond vil vise deg dansar du kan danse åleine på rekke, men òg linedance som pardans. Han kjem til å bruke mykje variert musikk, humor og kreativitet for å skape eit morosamt langkurs i ein dansesjanger som blir meir og meir populær.
Anten du har dansa mykje linedance frå før eller er heilt fersk innan sjangeren, så kan dette kurset vere noko for deg.
Langkurs: Musikal
Likar du musikalar og kan tenkje deg tre fulle dagar med song, dans og teater?
Då er langkurs i musikal midt i blinken for deg!
På dette langkurset vil du saman med instruktør Asbjørn, jobbe med utdrag frå kjente musikalnummer og setje saman desse til ein eigen minimusikal som gruppa kan framføre siste dag.
Du vil få jobbe med både tekst, replikkar, song, dans og regi - og du får erfare korleis ein skal jobbe saman som eit ensemble i ei framsyning. Kurset passar både for deg som har stått mykje på scenen og spela i musikalar tidlegare, og deg som berre ønskjer nye, kreative utfordringar. Det er viktig å kunne tørre og å by på seg sjølv.


Langkurs: Teater - "di historie - di scene"
Er du nysgjerrig på korleis du kan skrive teater og korleis du kan formidle eigne tekster frå scena?
På dette kurset vil instruktør Jawad lære deg korleis du kan jobbe med dine eigne historier for å skape noko for ei scene. Gjennom kreativ skriving vil du utforske teknikkar, tema og emne som berører oss både individuelt og kollektivt. Du trenger ikkje ha. masse erfaring med skriving for å vere med på dette langkurset. Her kan alle vere med, anten du "skriver rett fram, baklengs eller på skrå".
Gjennom opplesning vil du lære korleis du kan levere teksten gjennom kropp og stemme for å styrke teksten og tilstedeværelsen! Det er kjempegøy og kjempeviktig for kunstneren på scena og for publikumet som lytter. Til slutt blir tekstene knytt saman og du har lært kva som skal til for å ta scena med dine idear!
Kortkurs: Handverk
Vil du ha eit lite avbrekk frå dei meir fysisk krevjande kursa, eller ønskjer du å fylle alle dagane med mest mogleg handverk?
På Sommarleir tilbyr vi tre kortkurs i handverk:
Spikking
Har du lyst til å lage noko og lære korleis du kan halde spikkekniven på rett måte? Spelinstruktør Åsmund er ikkje berre musikalsk, han er også god på handverk. Er vêret godt, vil han ta deg med ut i frisk luft, finne fram knivar og spikkeemne og vise deg grunnleggande teknikkar i spikking. Om du blir ferdig med å lage noko under kurset, er ikkje så farleg, for du kan alltids gjere det ferdig etterpå. Kva vil du lage?
Origami
Origami er kunsten å brette papir om til ein blome, ei trane, ein boks eller eit papirfly. Har du lyst til å lære deg å brette eitt og anna av fargerikt papir, så bør du bli med på dette kurset. Kan hende også du har nokre bretteferdigheiter du kan dele med dei andre på kurset?
Geriljabroderi
Geriljabroderi er ein kreativ måte du kan formidle eit standpunkt, slå ein vits eller vere litt på kanten, om du vil. Du har kanskje vore borti det før?
Med nål, tråd og stramei kan du leite fram kreativiteten din og brodere eit lite bilde eller ein lapp som du kan henge opp eller sy fast på jakka di. Lene er veldig glad i å brodere sjølv, og lærer villig vekk korleis du kan skrive med korssting.
Lag ditt eiget handlenett av mormors gamle gardiner (AVLYST)
Gjenbruk, ombruk og omsaum er i vinden som aldri før. Kan hende mormor har eit par gamle gardiner som aldri blir hengt opp igjen, eller kva med den øydelagde buksa di?
På dette kurset får du 2,5 timar til å sy ditt eige handlenett. Etter kurset kan du gå strake vegen til matbutikken og fylle det opp med snacks og godteri.


Kortkurs: Folkedans
Spring!
På Sunnmøre i dag vert det dansa fire ulike springdansar. Dei skil seg frå kvarandre i motiv og snuing, men har til felles eit bra tempo og kan dansast til eit flust av fine slåtter.
På dette kurset vil du få lære ein til to av desse springarane av Anna, og kurset passar for deg som har dansa folkedans tidlegare og er nysgjerrig på bygdedanstradisjonen frå Sunnmøre.
Ril "verda rundt"
Rekkeril, festdans, finsk, norsk eller skotsk ril. På dette kortkurset vil du danse ril i fleire ulike formar. Ril er artige dansar, ofte med litt høgt tempo, som ein dansar i større grupper, til fest og til moro. Det finst eit hav av ulike rilar ein kan danse, og det finst rilar frå ulike stader i verda. Instruktør Anna og musikar Nina har lyst til å vise deg eit utval av desse. På dette kurset vil du ikkje berre danse dansar frå Noreg, så hopp opp i dansebåten, bli med på ei lita reise rundt om i verda og prøvesmak dansar frå både nær og fjern.
Danseleik
Du har kanskje leika stolleiken?
Eller prøvd deg på danselotto?
Kva med hallingterning?
Dans behøver ikkje berre vere å danse i tradisjon eller etter ei "oppskrift". Dans gir også moglegheit for å leike seg til musikk. Det finst mange ulike danseleikar, songleikar og andre leikar der ein kan hente inspirasjon frå folkedansen- og musikken. På dette kortkurset vil instruktør Anna, saman med musikar Nina, ta deg med i leiken.
Kortkurs: Folkemusikk
Felestiller
Dette er eit kurs for deg som spelar fele og som vil lære meir om korleis du kan stille om instrumentet ditt og få ein annan dur!
Gamle felestiller er utbreitt i norsk folkemusikk, og på Sunnmøre og i Nordfjord er det fleire slåttar på gamle felestiller. Tradisjonen fann ein til og med i den klassiske musikken frå barokken, men der har den diverre døydd ut, heldigvis for oss lever det i beste velgåande i folkemusikken. Instruktør Åsmund vil vise deg korleis du kan stille om fela di og spele slåttar som ikkje går and til vanleg
Folkemusikkimpro
Musikk kan vere så mangt og musikken kan bli skapt her og no. På dette kortkurset vil instruktør Åsmund lære deg å leike med instrumentet og du får prøve deg på fri, improvisert musikk! Du kan utforske nye lydar, forske på instrumentet ditt og finne ut kva musikk også kan vere. På dette kurset er det ikkje noko som er rett eller gale.


Kortkurs: Dans
Linedance - nybyrjar
Har du aldri dansa linedance før, men er nysgjerrig på om dette kan vere noko for deg? Då bør du bli med på kortkurs for nybyrjarar.
Instruktør Raymond vil velje ut nokre av dei enklaste, men kjekkaste, dansane og lære vekk på dryge to timar. Her er det berre å slenge på seg danseskoa og bli med i dansen.
Linedance - pardans (AVLYST)
Mange tenkjer at ein dansar åleine når ein dansar linedance, men det går også an å danse linedance som pardans. På dette kortkurset vil Raymond lære vekk nokre trinn og turar i pardans.
Salsa (AVLYST)
Latinske rytmer og linedance kan også høyre saman. Instruktør Raymond er kjent for å bruke trinn og rytmer frå ulike dansesjangrar inn i sine linedancekoreografiar, men på dette kurset er det salsaen som får fokus. Kan hende du har lyst til å finne ut om latinske danserytmer er noko for deg? I så fall bør du bli med på dette kurset.
Musikaldans
På dette kortkurset vil instruktør Asbjørn lære vekk ein dans frå ein kjent musikal. Du behøver ikkje ha drive mykje med musikal eller dans tidlegare for å vere med på kurset, men det er fint viss du likar å danse. Kva musikal de skal lære ein dans ifrå er hemmeleg - enn så lenge.
Kortkurs: Teater
Improvisasjon
Å improvisere er å finne på noko "der og då". Mange som held på med teater er godt kjend med improvisasjon og på dette kortkurset vil instruktør Asbjørn lære deg nokre verktøy til å bli betre på nettopp improvisasjon. Du behøver ikkje ha drive med improvisasjon for å bli med på kurset, men det er viktig å tørre å prøve nye ting. På dette kurset kjem du til å ha mykje moro!
Scene-tilstedeværelse
Å stå på ei teaterscene kan by på nokre utfordringar. Kanskje er du sjenert, kanskje du er usikker på kva du skal gjere eller kanskje publikum kan lbi litt for stort?
På dette kurset vil instruktør Jawad utforske viktige grep for å ha ein sterkare tilstedeværelse på scenen. Du vil lære korleis å beseire sceneskrekk (moderert). Kurset passar for deg som er ekstra interessert.


Kortkurs: Ymse
Beatboxing
Beatboxing er ein heilt eigen musikksjanger der du brukar munnen til å lage all verda slags lydar. Nokre er ekspertar i beatboxing, og det høyrest nesten ikkje ut som at det er menneske som lagar lydane. På dette kortkurset vil instruktør Jawad gi deg grunnleggande forståing for musklane du brukar for å skape lyd med munnen. De vil også jobbe med musikalsk timing - og i følge Jawad er det veldig lett å la seg rive med.
