Trygg på sommarleir

Når du reiser på sommarleir er det viktig å vite at du er i trygge hender. Det er vaksne leiarar, instruktørar, friviljuge og poteter til stades under heile leiren. Sommarleiren er ei rusfri tilskiping, og det er venta at alle deltakarane oppfører seg godt.

Ved sjukdom eller skade vert føresette varsla, og sjuke deltakarar kan måtte reise heim. Er du over 18 vert føresette eller andre kontakta i samråd med deltakaren. Det er alltid førstehjelpsutstyr tilgjengeleg på leirkontoret, men det vert ikkje delt ut smertstillande som ibux, paracet eller liknande utan godkjenning frå føresette.

Me oppmodar alle deltakarar til å teikne eigen reiseforsikring før Sommarleiren. Hugs at det er bindande påmelding, og ved sjukdom eller liknande må deltakaravgifta evt. dekkast av reiseforsikringa.

Generelle reglar

  • Sommarleiren er ein rusfri arena
  • Er ein under 18 år må ein ha godkjenning for å forlate leirområdet
  • Er ein over 18 må ein alltid sei i frå om ein forlet leirområdet
  • Bading er berre lov under oppsyn
  • Møt på rett kurs til rett tid – ingen somling!
  • Etter kl. 23.00 skal det vere stille på sovesalane
  • Etter kl. 24.00 skal det òg vere stille på «bråkeromma»
  • Av omsyn til branntryggleik har ein berre lov å sove på sovesalen ein fekk utdelt ved registrering
  • Ved grove brot på reglane for leiren eller leirområdet vert ein sendt heim på eiga rekning