Reise til Fana

Årets leir går av stabelen på vakre Fana Folkehøgskule som ligg like utanfor Bergen.

Fana Folkehøgskule ligg i nærleiken av Bergen, slik at ein lett kan ta seg til leirstaden med både fly, tog og buss.

FLY
Folkehøgskulen ligg på Minde, 10 minutt køyretur ifrå Flesland flyplass. Dei som flyg til leiren vil møte ein representant frå leiren på flyplassen som bringer dei vidare til leirplassen i taxi/bil. Vi ordnar også skyss til flyplassen for dei som skal returnere med fly.

TOG
Tog er ein enkel og fin måte å reise på. Ta toget til Bergen sentrum. Her vil ein representant frå leiren ta imot reisande, og sørge for at dei kjem seg vel fram til leirområdet. Vi sørgjer også for at togreisande kjem seg trygt til togstasjonen også etter at leiren er over.

BYBANE OG BUSS
Frå Bergen sentrum kan du ta buss nummer 53 mot Hjellestad/Milde. Ta bussen til nestsiste stopp som heiter «Store Milde», og då ser du skulen når du går av. Ruteavgangar ser du på www.skyss.no

Du kan også ta bybanen frå Bergen sentrum til Birkelandskiftet, og hoppe over på buss 53 mot Hjellestad/Milde derifrå. Det går litt kjappare.

Gratis reise for NU-medlemmar

Styret i NU har avgjort å dekke reisekostnadene til deltakarane på årets leir, slik at vi kan nå så mange ungdomar som
mogleg. Ved å sende inn skjemaet med søknad om reisestøtte (PDF) innan fristen, garanterer vi for at ungdomane i laget dykkar får gratis reise til og
frå sommarleiren. Vi har nokre enkle krav som må vere oppfylt:
– ungdomane må vere medlem i Noregs Ungdomslag
– lokallaget må sende eitt samla skjema for ungdomane som skal reise frå laget
– lokallaget må legge ut for reisekostnadene, slik at NU kan refundere ein samla sum i etterkant.

Fellestransport

Somme fylke ordnar med fellestransport sine deltakarar. Ta kontakt med fylkeslaget ditt for meir informasjon.