Registrering ved framkomst

Registrering og utdeling av soveplass opnar kl. 12.00 tysdag 27. juni.

Når du har fått utdelt halsband og t-skjorte samt anna informasjon, er det på tide å finne ut kvar du vil sove. Vi har nokre klasserom til disposisjon for dei som skal sove der, og har elles mange internatrom med to enkeltsenger på kvart rom.

Det er fint om alle planlegg reisa slik at de er på leirstaden seinast 17:30 slik at alle får med seg opning av leiren og mat kl 18:00.