Praktisk info

Sommarleiren går av stabelen 2.-7.juli 2019 på Skogn FHS i Trøndelag. Leiren er open for alle ungdommar, ikkje berre dei som er medlemmer i lokallaga våre. I tillegg til kursprogram legg vi stor vekt på samvær med andre ungdomar innanfor trygge rammer. På kveldane er det mange aktivetar, frå dansefest til improkappleik der vi testar ut teatersport. Vi legg også opp til utflukt i nærområdet laurdagen.

Deltakarane på leiren er i alderen 13-25 som er eit ganske stort aldersspenn, men som berre har synt seg å vere ei styrke for leiren og det sosiale miljøet. Noregs Ungdomslag er ein generasjonsorganisasjon som har lange tradisjonar for å invitere til tilskipingar på tvers av aldrar, og har god erfaring i å la både yngre og eldre ungdom møtast gjennom aktivitet og sosialt samvær.

Dei eldste deltakarane har som oftast sjølv vore med i mange år og veit korleis det er å vere mellom dei yngste. Deltakarane våre er flinke til å ta vare på kvarandre, og til å inkludere alle. Sommarleiren er ei rusfri tilskiping. Noregs Ungdomslag har vedtektsfesta at alle sentrale tilskipingar, uavhengig av målgruppe, skal vere rusfrie;

§ 10 Rusgifter

Noregs Ungdomslag skal arbeide aktivt for å skape ein attraktiv, rusfri samværskultur. Alle tilskipingar på sentralt plan skal vere rusfrie.

Dette betyr at vi som organisasjon har ein rusfri kultur som deltakarane på Sommarleir har respekt og forståing for, samstundes som at dei vaksne på leiren har rutine for korleis ein skal handtere eventuelle tilfelle av brot på reglane. 

Om Skogn Folkehøgskule

Skogn Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule like sør for Levanger i Trøndelag fylke. Skulen tilbyr ei rekkje ulike fag innanfor jakt, fiske, friluftsliv og trening. Skulen har mange ulike rom som egnar seg godt til både kurs og aktivitetar, i tillegg til måltid og sosialt samvere. Skulen ligg fint og ruralt til, omgitt av jorde og landlege område. Les meir om skulen på deira heimesider: www.skognfhs.no

Reise

Det er ganske greitt å finne fram til Skogn Folkehøgskule. Sjølve skulen ligg ein 10-minutts gåtur frå stasjonen i Skogn, og det er lett å ta både tog og buss til staden. NU ønskjer å leggje til rette for at dei som har behov for det kan bli møtt anten på Værnes eller på Skogn stasjon, men det er også mogleg å ta seg fram heile vegen på eiga hand viss ein føretrekker det. Skulle du ha spørsmål om reise, eller ønskjer å informere om eiga reise, kan du ta kontakt med NU-kontoret, så hjelper vi så godt vi kan.

Heimreisa på sundag skjer etter lunsj. Det er ikkje høve til å vere på Folkehøgskulen utover ettermiddagen. 

På Værnes

Ein frivillig frå leiren vil vere til stades på Trondheim lufthamn Værnes frå kl.11.00 tysdag 2.juli. Denne personen vil ha på seg Sommarleir t-skjorte og plakat, og vil vere synleg i ankomsthallen på flyplassen. Dei som ønskjer det, kan møte denne personen på flyplassen og reise vidare saman til Skogn med tog kl.12.43. Viss du ønskjer å få følgje frå flyplassen, så må du altså vere på Værnes til desse tidene. Gje også beskjed til NU-kontoret (rita@ungdomslag.no) om dette, slik at vi veit kven vi skal sjå etter.

På Skogn stasjon

To frivillige frå leiren vil vere til stades på Skogn stasjon frå kl.12.00 tysdag 2.juli. Desse personane vil ha på seg Sommarleir t-skjorte og plakat, og vil vere synlege på perrongen utanfor stasjonen (eventuelt inne på venterommet ved dårleg vær). Desse personane vil geleide sommarleirdeltakarar vidare til folkehøgskulen, anten med bil eller til fots. Sei gjerne ifrå til NU-kontoret (rita@ungdomslag.no) viss du ønskjer å bli møtt på stasjonen.

Sjølve reisa

Med fly: Trondheim lufthamn Værnes er den nærmaste flyplassen til Skogn. Dit kan du kome deg frå både inn-, og utland. Nokon må kanskje mellomlande i Oslo, men fly til Trondheim skal stort sett vere enkelt å finne tak i. Finn informasjon om korleis du kjem deg til og frå flyplassen og kva selskap som flyr direkteruter til Trondheim på https://avinor.no/flyplass/trondheim/. For å tinge flybillettar kan det vere smart å sjekk ut ulike flyselskap og samanlikne prisar.

Med tog: Tog er kanskje den enklaste måten å kome seg til Skogn på. NSB (Vy) køyrer tog langs nesten heile Noreg, frå Stavanger og Kristiansand i sør heilt opp til Bodø i nord. Frå Trondheim lufthamn Værnes går det ofte tog nordover til Skogn, og turen frå flyplassen tek under ein time. Gå inn på www.nsb.no for å finne togtider. NB! Hugs å seie ifrå til konduktøren at du skal av på Skogn, då ikkje alle lokalavgangar stoppar utan beskjed.

Med buss: Det går buss frå både sør og nord til Skogn. Frå Trondheim eller frå Trondheim lufthamn Værnes lufthamn kan du køyre med AtB til Skogn stasjon eller til Skogn barne-, og ungdomsskole som ligg rett ved sidan av folkehøgskulen. Sjekk ut https://www.atb.no for ruter og tider.

Kjem du nordfrå, kan du sjekke ut Nordlandsbuss sine ruter sørover. Bruk nettstaden https://177nordland.no for å finne ruter og tider.

Reisestøtte

Som tidlegare år har Noregs Ungdomslag ei ordning kor deltakarar med høg reisekostnad kan søkje om inntil 500 kroner i reisestøtte. Dette gjerast i etterkant av leiren og ved bruk av søknadsskjemaet som du finn her på heimesida eller ved å ta kontakt med rita@ungdomslag.no. Kriterium for å motta reisestøtte er at du må ha hatt reisekostnadar på over 1000 kr (etter fråtrekk frå eventuell reisestøtte fått av fylkeslaget), og at du er medlem av NU.

Fleire fylkeslag har gjort vedtak om å gje støtte til deltakarar på leir. Ta kontakt med ditt fylkeslag for å finne ut meir om kor mykje dei gjev i støtte og korleis du søkjer om støtte frå dei. 

Pakkliste for deltakarar på Sommarleiren 2019

  • Toalettsaker
  • Dusjsåpe og sjampo
  • Tannkost og tannkrem
  • Hårbørste
  • Handklede
  • Sovepose (for overnatting i sal)
  • Luftmadrass/liggeunderlag (for overnatting i sovesal)
  • Sengetøy (for overnatting på internatrom)
  • Gode klede til kurs (lette klede å bevege seg i, turklede o.l.)
  • Gode sko (danseskoa, joggesko, tursko o.l.) til kurs
  • Sandalar eller liknande
  • Instrument (til kurs og buskspel)
  • Passande klede til utflukt (sjekk gjerne vêrmeldinga)
  • Ekstra skift av sokker og undertøy
  • Kjekke klede til festmiddagen (treng ikkje vere stift og fancy)
  • Badetøy
  • Solkrem
  • Lommepenger
  • Mobil/kamera og ladar
  • Vassflaske
  • Kortstokk
Måltid

Personalet ved Skogn FHS lager til alle måltid under leiren. Det vil bli servert frukost, lønsj, middag og kveldsmat, i tillegg til at vi har ei fruktpause innimellom. Dei er vant til å lage mat til store grupper, og dei er også vant til å ta omsyn til diverse diettar og allergiar. Hugs å melde ifrå om det når du melder deg på.

Overnatting

Under leiren vil det vere mogleg å velje mellom å sove på sovesal eller på internatrom med ein annan person. På sovesal vil gutar og jenter ligge på same rom, så viss dette er noko du ikkje ønskjer, så bør du velje å ligge på internatrom. Der vil du bli plassert saman med ein av same kjøn, og du kan kome med ønskje om kven dette skal vere, viss du har det.  

Skal du ligge på sovesal må du hugse å ta med deg madrass og sovepose. Viss du skal ligge på internatrom trenger du berre å ta med deg putetrekk, dynetrekk og laken. Dei som søv på sovesal vil ha tilgang til ein garderobe med dusjar, medan dei som ligg på internatrom vil anten ha eige bad på rommet, eller ha ein garderobe som dei deler med nokre få andre rom.  

Sosialt på leir

På kveldane blir det lagt opp til ulike sosiale aktivitetar i regi av potetane og leirutvalet. Eksempel på kva vi har hatt tidlegare, er improkappleik, hekleløp, festmiddag og nattdebatt. I tillegg har det som regel blitt både spel, dans, teaterleik, kubb, kortspel og alt anna kva ein måtte finne på. I år kan du nok forvente å møte eit par nye kveldsaktivitetar, sidan vi i år samarbeidar med ein annan organisasjon som har sine tradisjonar for kva som skjer på kveldstid. Uansett kva som skjer, det er heilt sikkert at vi ønskjer å skape god stemning og trivelege aktivitetar for alle og einkvar.

Utflukt

Laurdag 6.juli reiser heile gjengen på utflukt. Det har vore tradisjon i fleire år at ein vier den siste heile leirdagen til å reise til ein stad verdt å sjå i nærleiken av kor leiren er. Kor utflukten går i 2019 er ikkje heilt spikra endå, men informasjon vil kome så fort han er på plass.

Sommarleirutvalet

Sommarleirutvalet består av fem ungdommar i aldersgruppa for leiren. Desse medlemmane har vore med på å planleggje Sommarleiren, då leiren skal vere ei tilskiping for og av ungdom. Under sjølve avviklinga av leiren har leirutvalet eit ekstra ansvar for å sjå til at gjennomføringa går bra, og at alle deltakarane trivst på leiren. Leirutvalet støtter administrasjonen i praktiske oppgåver under heile leiren i tillegg til at dei har ansvar for å planleggje og gjennomføre aktivitetar på kveldstid. Sommarleirutvalet har valt ein leirsjef, og i år er denne sjefen Marit Kvamen.

Poteter

På Sommarleiren har me ei gruppe eldre ungdommar som går under namnet «poteter». Desse ungdommane har vore med på leiren før, og har vorte plukka ut etter ein søknadsprosess til å få vere med å hjelpe på leiren. Dei har hovudansvaret for det sosiale på leiren, og kan fungere som fadrar for dei heilt nye på leiren. Dei har òg andre arbeidsoppgåver og kan nyttast til det meste (derav namnet potet).

Vaksne på leir

I tillegg til potetane er det ei rekke vaksenpersonar på leirområdet. På dagtid er dei tilsette i Noregs Ungdomslag til stades på området, og vaksne dugnadsfolk er i sving med rydding og vakthald. Personalet ved Skogn FHS er også til stades på dagtid. Dei tilsette i NU bur på folkehøgskulen under heile leiren, og er slik sett alltid i nærleiken. I tillegg er alle instruktørar vaksne og følgjer med under kursa. Om nettene er det vaksne nattevakter til stades på området til ein kvar tid.

Vi har også ein beredskapsplan som alle ansvarlege kjenner godt til. Denne viser kva for rutinar vi har viss det skulle skje noko, t.d. at nokon må ein tur på legevakta. Du skal vere sikker på at du er trygg på leir og at det alltid er ein vaksen til stades som du kan kontakte når du trenger det.

Hovudansvarleg frå kontoret er Rita Sirirud Vatnehol (rita@ungdomslag.no)

Samarbeid med Norsk Målungdom

I år har vi eit samarbeid med Norsk Målungdom (Målungdommen) om å skipa til leir. Dette er første året NU og Målungdommen skipar til leir i lag, og vi er særs spente på det. Det vil bety at vi blir fleire deltakarar til stades enn kva vi har vore før, og det vil også bety at vi er fleire frivillige og vaksne til stades. Målungdommen har eiget langkurs med språktema, medan deltakarane frå NU og Målungdommen kan velje fritt mellom alle dei ulike kortkursa. På kvelden er vi sosiale i lag med ulike aktiviteter.

Om Noregs Ungdomslag

Noregs Ungdomslag (NU) vart skipa i 1896 og er ein kulturorganisasjon med over 14 000 medlemmer i omlag 400 lag i heile Noreg. Mykje av aktiviteten er knytt til folkedans, teater, bunad og barne- og ungdomsarbeid, men ungdomslagsrørsla har eit unikt mangfald av aktivitetar. Noregs Ungdomslag er ein leiande kulturorganisasjon i Noreg. Vi har eit ansvar for å ta vare på og stadig aktualisere den tradisjonelle folkekulturen. Dette gjer vi for å styrke lokalsamfunna over heile landet. Ved å styrke enkeltindividet gjennom å utøve tradisjonelle og nye kulturuttrykk og lære å organisere dette, styrker vi samtidig samfunnet og demokratiet. 

Spørsmål?

Har du spørsmål eller saknar du informasjon må du ikkje kvi deg for å ta kontakt med oss i administrasjonen. Hovudansvarleg for leiren er Rita (rita@ungdomslag.no), men det går også an å ta kontakt med nokre av dei andre på kontoret. Sjå også: http://www.ungdomslag.no/om-oss/kontakt

Snapchat

Ungdomslag

Facebook

www.facebook.com/sommarleiren

Instagram

Ungdomslag

Kontakt oss

rita@ungdomslag.no Tlf. 478 49 923
Om arrangøren
Om arrangøren

Sommarleiren er er tilskiping i regi av Noregs Ungdomslag (NU). Organisasjonen vart skipa i 1896, og har som føremål å skape engasjement og levande lokalmiljø, gjennom folkelege kulturaktivitetar.

Om Norsk Målungdom
Om Norsk Målungdom

Norsk Målungdom (NMU) er den største ungdomsorganisasjonen for språk i Noreg, og den einaste som jobbar for nynorsken og dialektane. I 2019 samarbeider NMU med Noregs Ungdomslag om Sommarleiren.

KOMP
Støtteordninga KOMP (Norsk musikkråd) støttar Sommarleiren 2019
Studieforbundet kultur og tradisjon
Studieforbundet Kultur og Tradisjon støttar Sommarleiren 2019
Trøndelag fylkeskommune støttar Sommarleiren 2019
Rådet for Folkemusikk og Folkedans (RFF) støttar Sommarleiren 2019