Torill Jørgensen

Torill Jørgensen

Torill Jørgensen er eit kjent og blidt ansikt for mange i folkendansmiljøet. Ho dansar aktivt i Røros Folkedanslag, og har tatt utdanningar i tradisjonskunnskap og dansepedagogikk ved NTNU.
Torill har heldt mange kurs lokalt for både barn og vaksne, men ho har også vore invitert til å halde kurs både elles i Noreg og i utlandet. Desse gongane har kursa vore mest for vaksne.
Torill fortel at når ho sjølv ønskjer å lære noko nytt, så likar ho best å danse med nokon for å kjenne på rørsla. Det er slik eg sjølv har lært dans, gjennom “gerør”, fortel ho. Når ein dansar står musikken sentralt i formidlinga, og det er viktig å arbeide med å finne dansen i musikken, legg ho til. Dansekursa til Torill er for deg som likar å danse, likar å finne ut meir om deg sjølv som dansar og for deg som har lyst til å prøve noko nytt. Torill har erfaring i å halde kurs for både røynde dansarar og nybyrjarar, og er dyktig på å rettleie deg gjennom dansen.

Torill skal halde langkurs i Rørospols. I tillegg skal ho ha kortkurs i reinlender og rørospols for nybyrjarar.

Om arrangøren
Om arrangøren

Sommarleiren er er tilskiping i regi av Noregs Ungdomslag (NU). Organisasjonen vart skipa i 1896, og har som føremål å skape engasjement og levande lokalmiljø, gjennom folkelege kulturaktivitetar.

Snapchat

Ungdomslag

Facebook

www.facebook.com/sommarleiren

Instagram

Ungdomslag

Kontakt oss

rita@ungdomslag.no Tlf. 478 49 923