Mona Husby har drive med teater i 15 år, og har teke utdanning som musikalartist ved Bårdar Akademiet i Oslo. Etter vidaregåande studerte også Mona teater ved Solbakken Folkehøgskole i to år. Denne dama har, til trass for si unge alder, mykje erfaring i å stå på ei teaterscene, og ønskjer å vere ein instruktør som deler sin kjærleik for faget med deltakarane. Mona fortel at ho ønskjer at deltakarane skal finne gleda i teater både i seg sjølv og saman med resten av gruppa. Ho ønskjer å skape rom for alle, slik at einkvar kan ha glede av aktiviteten.
Som instruktør har Mona haldt nokre kurs i improteater på Sommarleiren tidlegare, og det er særs gledeleg at ho skal ha improkurs på leiren også i år.