Kevin André K. Theigmann

Kevin André K. Theigmann

Kevin André K. Theigmann kjenner du kanskje att frå Sommarleirutvalet og frå tidlegare leirar? Han er også med på instruktørlaget i år, og vil vere å sjå overalt under leiren. Viss du hadde sagt til han for 15 år sidan at han skulle drive med dans, så hadde han trudd du var steine galen. Heldigvis fann han dansen og no fortel han at han ikkje kunne ha tenkt seg eit liv utan. Kevin André har dansa linedance og swing i godt og vel ti år, og har også instruert ein del dei siste åra. Han har allereie vore instruktør på to av Sommarleirane tidlegare, og han fortel at han verkeleg ser fram til å undervise på årets.  
– At eg starta med dans var ein rein tilfeldigheit. Du skal ikkje tilfeldigvis på leir i år og snuble over dansens makt du óg?, spør Kevin André. 

Kevin André skal la langkurs i swing og kortkurs i linedance.

Om arrangøren
Om arrangøren

Sommarleiren er er tilskiping i regi av Noregs Ungdomslag (NU). Organisasjonen vart skipa i 1896, og har som føremål å skape engasjement og levande lokalmiljø, gjennom folkelege kulturaktivitetar.

Snapchat

Ungdomslag

Facebook

www.facebook.com/sommarleiren

Instagram

Ungdomslag

Kontakt oss

Tlf. 24 14 11 10