Kari Wist Holmen

Kari Wist Holmen

Kari kjem frå Verdal, har budd åtte år i Oslo, men er no komen tilbake til heimstaden. Ho er utdanna ved teaterlinja ved Romerike FHS og skodespelarlina ved Nordisk Institutt for Scene og Studio. Sidan ho blei ferdig utdanna i 2011 har ho vore instruktør for fleire ulike amatørteater, revyar, kulturskular og det frie scenekunstfeltet.

 Kari har ei lang liste med erfaring, alt ifrå regi på historiske spel til dubbing for NRK Super i tillegg til at ho skriv eigne prosjekt. Dette er andre gong Kari er instruktør på leir, og ho gler seg veldig til å møte nye ungdommar som er sultne på å lære meir om teater. Kari seier at ho elskar å jobbe som instruktør fordi ho rett og slett elskar å bli kjent med nye menneske og sjå kva for potensiale dei har.
– Alle har moglegheit til å gjere fine ting på ei scene med dei føresetnadene dei har – det er mi oppgåve å finne ut av korleis kvar enkelt kan få det best mogleg i den aktuelle oppsettinga, seier Kari.

Kari skal ha langkurs i teaterproduksjon, og kortkurs i musikaldans, fysisk teater og song for scene.

Om arrangøren
Om arrangøren

Sommarleiren er er tilskiping i regi av Noregs Ungdomslag (NU). Organisasjonen vart skipa i 1896, og har som føremål å skape engasjement og levande lokalmiljø, gjennom folkelege kulturaktivitetar.

Snapchat

Ungdomslag

Facebook

www.facebook.com/sommarleiren

Instagram

Sommarleiren

Kontakt oss

Tlf. 24 14 11 10