Jørgen Hopstad By

Jørgen Hopstad By

Jørgen er 29 år gamal og kjem eigentleg frå Åfjord, men har vore busett på Skogn dei siste ni åra. Han er ein ekte lokalkjent, med andre ord, og derfor absolutt rette mann til å ta deltakarane på kursa i friluftsliv ut på aktivitetar i nærleiken av skulen.

Jørgen har vore interessert i friluftsliv heile livet, alt ifrå fisking på fjellvatn til kajakkpadling og klatring. Han fortel at friluftsliv for han har vore ein del av livet som har gitt han avkopling og ein arena kor han har treft nye menneskjer med same interesser. Han synst det er viktig å ha god tid på tur eller under aktivitetar. Aktiviteten i seg sjølv er morosam, men samtalar og samahandling med andre undervegs i aktiviteten er svært viktig, fortel Jørgen.

Han har takka ja til å vere instruktør på Sommarleiren i Noregs Ungdomslag etter å ha kikka litt rundt på NU sine nettsider, der han raskt innsåg at leiren vår er bygga på å skape gode opplevingar for ein triveleg og engasjert gruppe ungdommar. Han har sjølvsagt heilt rett i det, og vi gler oss til å bli kjent med Jørgen som instruktør, nett som han gler seg til å bidra til å skape fine opplevingar og minner saman gjennom samarbeid og fysisk aktivitet.

Jørgen skal ha langkurs i friluftsliv, samt kortkurs i treklatring, fisketur og strandtur. 

Om arrangøren
Om arrangøren

Sommarleiren er er tilskiping i regi av Noregs Ungdomslag (NU). Organisasjonen vart skipa i 1896, og har som føremål å skape engasjement og levande lokalmiljø, gjennom folkelege kulturaktivitetar.

Snapchat

Ungdomslag

Facebook

www.facebook.com/sommarleiren

Instagram

Ungdomslag

Kontakt oss

rita@ungdomslag.no Tlf. 478 49 923