John Ole Morken

John Ole Morken

John Ole Morken kjem frå Ålen i Trøndelag, men bur no i Åmot i Buskerud. Det er ein dyktig og engasjert musikar som skal spele på folkedanskursa under leiren. John Ole har musikkutdanning frå NTNU i Trondheim og Ole Bull Akademiet på Voss.

 Til dagleg jobbar han som freelance musikar og journalist. Han er også forfattar og har gjeve ut bøker og notehefte om spelemenn og folkemusikk frå Røros-distriktet. Han har den siste tida vore å høyre som programleiar i Folkemusikktimen på NRK P2. John Ole er mykje brukt som både pedagog og musikar på kurs og seminar i folkemusikkmiljøet, og Sommarleiren er ekstra heldig som får han med seg på dansekursa i Rørospols, sidan det er nettopp musikken frå Rørostraktane han har spesialisert seg på. Saman med danseinstruktør Torill Jørgensen kjem han til å sørge for gode kurs under leiren. 

John Ole skal vere musikar på langkurset i rørospols, samt på kortkursa i reinlender og rørospols for nybyrjarar.

Om arrangøren
Om arrangøren

Sommarleiren er er tilskiping i regi av Noregs Ungdomslag (NU). Organisasjonen vart skipa i 1896, og har som føremål å skape engasjement og levande lokalmiljø, gjennom folkelege kulturaktivitetar.

Snapchat

Ungdomslag

Facebook

www.facebook.com/sommarleiren

Instagram

Ungdomslag

Kontakt oss

Tlf. 24 14 11 10