Geir Egil Larsen

Geir Egil Larsen

Geir Egil kjem frå Verdal i Trøndelag. Han er tidlegare pedagog og rektor i Verdal kulturskole. Han har også vore mannskordirigent, men er mest kjent som folkedansar og folkemusikar. Geir Egil har spesialisert seg på eldre folkelege blåseinstrument, og har vunne Landskappleiken med både tussefløyte, bukkehorn, seljefløyte og Meråker-klarinett. 

Det skortar heller ikkje på dansedugleiken til Geir Egil, som saman med kona Anne, har vinne dans fele klasse A to gonger på Landskappleiken. Geir Egil er ikkje framand for Noregs Ungdomslag. I ei årrekkje var han fast instruktør på sommarkursa til NU. Han har i mange år undervist spesielt mykje i Trønderpols og Rørospols, i tillegg til at han har arbeidd mykje med lokal songtradisjon til bruk i songdans. Den som blir med på kurset til Geir Egil vil ha glede av å møte ein røynd og dyktig instruktør som kan meir enn dei aller fleste.

Geir Egil skal ha kortkurs i tussefløyte og blokkfløyte. 

 

Om arrangøren
Om arrangøren

Sommarleiren er er tilskiping i regi av Noregs Ungdomslag (NU). Organisasjonen vart skipa i 1896, og har som føremål å skape engasjement og levande lokalmiljø, gjennom folkelege kulturaktivitetar.

Snapchat

Ungdomslag

Facebook

www.facebook.com/sommarleiren

Instagram

Ungdomslag

Kontakt oss

rita@ungdomslag.no Tlf. 478 49 923