Einar Olav Larsen

Einar Olav Larsen

Einar Olav Larsen driver som frilans folkemusikar og pedagog med base i Verdal i Trøndelag. Han har hatt ein omfattande verksemd sidan han gjekk ut frå Spelemannskolen ved Ole Bull Akademiet i 2000. Dei siste åra har han mellom anna vore aktuell med sin eigen trio og spelt mykje med sin bror, Gjermund Larsen. Saman fekk dei Spellemannsprisen 2015, klassa folkemusikk/tradisjonsmusikk, og dei to har no samarbeidsprosjekt med Hemsingsystrene og Trondheimsolistane. Av andre prisar kan nemnast Osa-prisen, Hilmar Alexandersen musikkpris og Ole Vig-prisen.

Turnering i inn- og utland kombinerast med ein sterk lokal forankring og han spelar like gjerne til dans som til konsert. Forutan den vanlege fela, brukar Einar Olav hardingfela ein god del og han er ein av få som er A-klasse-spelmann på både fele og hardingfele.
Einar Olav sitt musikalske utgangspunkt er arven etter Hilmar Alexandersen, ein av Noregs fremste folkemusikarar på førre hundreår, og rytmisk og særprega Verdals-spel.

Einar Olav skal halde langkurs i spel, og kortkurs «Slått for dagen 1» og «Slått for dagen 2».

Om arrangøren
Om arrangøren

Sommarleiren er er tilskiping i regi av Noregs Ungdomslag (NU). Organisasjonen vart skipa i 1896, og har som føremål å skape engasjement og levande lokalmiljø, gjennom folkelege kulturaktivitetar.

Snapchat

Ungdomslag

Facebook

www.facebook.com/sommarleiren

Instagram

Ungdomslag

Kontakt oss

rita@ungdomslag.no Tlf. 478 49 923