Pakkeliste

Når du skal ei veke på leir er det mykje å hugse på, her finn du eit lite oversyn over kva som er greit å ha med seg.

  • Gode sko til både innebruk og utebruk
  • Fleire skift med klede – inkludert regntøy
  • Fine klede og sko til avslutningsfesten
  • Sovepose om du skal sove på klasserom
  • Laken- og sengetrekk om du skal sove på internatrom (kan leigast for 80kr)
  • Toalettsaker (såpe, sjampo, deodorant, tannkrem, tannbørste, hårbørste osb.)
  • Liten sekk til turen på laurdag
  • Drikkeflaske
  • Eit lite og eit stort handklede (kan leigast for 80kr)
  • Evt. utkleding til temafesten (tema: sjørøvarfest!)
  • Badehandklede og badetøy (om du vil bade)
  • Lommepengar (greitt å ha) og mobilladar
  • Alle buss/tog/flybillettane du treng for å kome deg til og frå leiren
  • Ta gjerne med instrument om du spelar/har eit du kan ta med
  • Godt humør :)