Mat på sommarleiren

Deltakarane får servert frukost, lønsj og middag kvar dag utanom tysdag og sundag. Tysdag vert det servert middag og sundag vert det servert frukost.

I tillegg vert det sett fram frukt kvar dag når kursa er over, og det vert sett fram brødmat om kvelden.

Har du særlege krav til maten (t.d. allergiar, vegetarianar e.l.) må du hugse å melde i frå om dette i påmeldinga!