Kurs

I løpet av leiren vert det halde fleire hovudkurs og kortkurs. Kvar deltakar får velje eitt hovudkurs dei skal følgje kvar morgon før lunsj. Etter lunsj vert det tilbydd ei rekke ulike kortkurs som deltakarane fritt kan velje mellom.

Ein vel kurs når ein melder seg på, og me følgjer første-mann-til-mølla-prinsippet på dei kursa med avgrensa plassar.

Onsdag
2017-06-28
Kortkurs
Hovudkurs
Torsdag
2017-06-29
Kortkurs
Hovudkurs
Fredag
2017-06-30
Kortkurs
Hovudkurs
Kortkurs
Hovudkurs
Kortkurs
Hovudkurs
Kortkurs
Hovudkurs
09:00 - 12:00
Vokalteknikk

Har du lyst til å bli ein betre songar? Med dette kurset får du ei generell innføring i vokalteknikk og stemmebruk. Første dag vil vere ei generell innføring i Complete Vocal Technique, med teori og praktiske øvingar. Dag 2 og 3 av kurset vert lagt opp etter masterclass-prinsippet, kor ein og kvar deltakar får 20-30 minutt med songundervisning. Som deltakar vil du då bli benden om å ta med ein sang eller eit utdrag frå ei låt som du synest er utfordrande og vil lære å meistre. Deltakarane som ikkje har solo-undervisning, får status som deltakanade observatørar. Det inneber at dei også gjentek øvingane som songaren først utfører åleine. Det er med andre ord svært mykje å lære av å oververe dei andre deltakarane si undervisning. Dei kan jobbe med repertoar innan alle sjangrar.

Du kan lese meir om teknikken her (på engelsk):
https://completevocal.institute/complete-vocal-technique/

Lin Gloppen
09:00 - 12:00
Bli ein betre fotograf

Nybegynnar eller vidarekomen? Her skal alle bli utfordra! Kan du mykje frå før, vil du dessutan vere ein god ressurs for dei som ikkje kan fullt så mykje. Begge delar er eit godt utgangspunkt. Det viktigaste er at du er innstilt på å lære og å vere aktiv.

Som kursdeltakar har du fri tilgang til skulen sitt flotte utstyr og fasilitetar: klasserom, mørkerom, studiokamera m/blitzlampar etc. Du har også fri adgang til skulen sitt analoge kamerautstyr, både klassiske, manuelle 35mm kamera og profesjonelle Hasselblad-kamera.

Knut-Inge Johnsen
09:00 - 12:00
Playbackteater

Teaterformen oppstod i New York i 1993 med Jonathan Fox i spissen, og er basert på improvisasjon innenfor faste former, inspirert av psykodrama, storytelling, og rituelt teater.
Playbackteater vert skapt i eit unikt samarbeid mellom publikum og skodespelarar, der ein gjer teatret til ein levande møteplass. Grunntanken er at alle menneske ber på historier, artige, triste, pinlege, rare og vakre minner. Det er ikkje eit manuskript, og alt blir improvisert, men spelet er bygd opp rundt eit fast mønster.

Ein i gruppa fungerer som spelleiar, og er den som har direkte kontakt med publikum. På scenen står fire skodespelarar som er klare til å tre inn i rollene, og 1-2 musikere som legg ”filmmusikk” til handlinga. På scena heng det tøystykke i ulike fargar, som blir brukt som rekvisittar/kostyme/scenografi i spela.

Elisabet Dale
09:00 - 12:00
Samspel for vidarekomne

På dette kurset speler me i lag på tvers av instrumenta me har. Speler du hardingfele, fele, gitar eller andre instrument og har lyst til å spela saman med andre er dette kurset for deg. Kurset er basert på gehør. Her lærer me slåttar, arrangement og speler fengande låtar saman!

Kristoffer Kleiveland
Toradarspelar frå Osterøy som har vunne landskappleiken to gonger. Glad i samspel og gler seg til sommarleir!
09:00 - 12:00
Folkedans for nye

Dette hovudkurset er for deg som vil ta dansegolvet med storm! Her lærer du grunnleggande dansar som gjer at du kan hoppa ut på dansegolvet på sommarleiren og i livet. Forhåpentlegvis blir du hekta for resten av livet.

Maria Skjeldrum Toppe
Dansar, musikkterapeut, hardingfelespelar og tidlegare sommarleirdeltakar.
09:00 - 12:00
Folkedans for vidarekomne

Kurset er for deg som har dansa tidlegare, men du treng ikkje vera ekspert for å melda deg på her. På kurset kjem me til å dansa bla runddans og arbeida med samspel med den du dansar med. Her blir det fokus på rotasjons- og samdansteknikk, i tillegg til at vi undersøker balanse og flyt i dansen. Vi kjem til å ha stort fokus på musikken. Korleis funkar det med puls, melodi og underdelingar, og korleis gjer me det for å få til tovegskommunikasjon med musikaren.

Kort sagt, på dette kurset arbeider vi med å få til ein avspent, kraftfull og musikalsk dans.

Ami Pettersson Dregelid
Dansar og ein av våre fremste folkedanspedagogar i Norden.
Synnøve Bjørset
Musikar og har master i utøving på hardingfele frå Norges Musikkhøgskole.
13:30 - 16:00
Folkedans for nye

Dette kortkurset er for deg som vil ta dansegolvet med storm! Her lærer du grunnleggande dansar som gjer at du kan hoppa ut på dansegolvet på sommarleiren og i livet. Forhåpentlegvis blir du hekta for resten av livet.

Maria Skjeldrum Toppe
Dansar, musikkterapeut, hardingfelespelar og tidlegare sommarleirdeltakar.
13:30 - 16:00
Kanopadling

Du får lære dei mest grunnleggande padleteknikkane. Vi drar på kanoturar i den flotte skjærgarden ved skulen. Fokus på sikkerheit, teknikk og kosen med å vere i kano ute på sjøen.

Lin Gloppen
13:30 - 16:00
Teaterimpro

Vi improviserer i nesten alt vi gjer her i livet, og teaterimpro er ein kjempefin måte å bli flinkare til å ta ting som dei kjem. Vi lovar mykje moro, og du treng ingen forkunnskapar om teater eller som skodespelar for å bli med!

Mona Husby
13:30 - 16:00
Organisasjonsarbeid

Med dette kurset får du ein introduksjon i styrearbeid anten det er i Noregs Ungdomslag eller andre stader. Slikt som er lurt å kunne – uansett!

Torbjørn Bergwitz Lauen
Folkedansar, songdansentusiast og gamal sommarleirtravar.
13:30 - 16:00
Polska

Her prøver vi på polska. Dette er Sverige sin bygdedans i tretakt. I Sverige finst det mange ulike polskaer på same måte som det finst mange bygdedansar i Noreg. Polska kan samanliknast med springar og her skal me prøva på ein variant. Dette blir spennande!

Ami Pettersson Dregelid
Dansar og ein av våre fremste folkedanspedagogar i Norden.
Synnøve Bjørset
Musikar og har master i utøving på hardingfele frå Norges Musikkhøgskole.
09:00 - 12:00
Vokalteknikk

Har du lyst til å bli ein betre songar? Med dette kurset får du ei generell innføring i vokalteknikk og stemmebruk. Første dag vil vere ei generell innføring i Complete Vocal Technique, med teori og praktiske øvingar. Dag 2 og 3 av kurset vert lagt opp etter masterclass-prinsippet, kor ein og kvar deltakar får 20-30 minutt med songundervisning. Som deltakar vil du då bli benden om å ta med ein sang eller eit utdrag frå ei låt som du synest er utfordrande og vil lære å meistre. Deltakarane som ikkje har solo-undervisning, får status som deltakanade observatørar. Det inneber at dei også gjentek øvingane som songaren først utfører åleine. Det er med andre ord svært mykje å lære av å oververe dei andre deltakarane si undervisning. Dei kan jobbe med repertoar innan alle sjangrar.

Du kan lese meir om teknikken her (på engelsk):
https://completevocal.institute/complete-vocal-technique/

Lin Gloppen
09:00 - 12:00
Bli ein betre fotograf

Nybegynnar eller vidarekomen? Her skal alle bli utfordra! Kan du mykje frå før, vil du dessutan vere ein god ressurs for dei som ikkje kan fullt så mykje. Begge delar er eit godt utgangspunkt. Det viktigaste er at du er innstilt på å lære og å vere aktiv.

Som kursdeltakar har du fri tilgang til skulen sitt flotte utstyr og fasilitetar: klasserom, mørkerom, studiokamera m/blitzlampar etc. Du har også fri adgang til skulen sitt analoge kamerautstyr, både klassiske, manuelle 35mm kamera og profesjonelle Hasselblad-kamera.

Knut-Inge Johnsen
09:00 - 12:00
Playbackteater

Teaterformen oppstod i New York i 1993 med Jonathan Fox i spissen, og er basert på improvisasjon innenfor faste former, inspirert av psykodrama, storytelling, og rituelt teater.
Playbackteater vert skapt i eit unikt samarbeid mellom publikum og skodespelarar, der ein gjer teatret til ein levande møteplass. Grunntanken er at alle menneske ber på historier, artige, triste, pinlege, rare og vakre minner. Det er ikkje eit manuskript, og alt blir improvisert, men spelet er bygd opp rundt eit fast mønster.

Ein i gruppa fungerer som spelleiar, og er den som har direkte kontakt med publikum. På scenen står fire skodespelarar som er klare til å tre inn i rollene, og 1-2 musikere som legg ”filmmusikk” til handlinga. På scena heng det tøystykke i ulike fargar, som blir brukt som rekvisittar/kostyme/scenografi i spela.

Elisabet Dale
09:00 - 12:00
Samspel for vidarekomne

På dette kurset speler me i lag på tvers av instrumenta me har. Speler du hardingfele, fele, gitar eller andre instrument og har lyst til å spela saman med andre er dette kurset for deg. Kurset er basert på gehør. Her lærer me slåttar, arrangement og speler fengande låtar saman!

Kristoffer Kleiveland
Toradarspelar frå Osterøy som har vunne landskappleiken to gonger. Glad i samspel og gler seg til sommarleir!
09:00 - 12:00
Folkedans for nye

Dette hovudkurset er for deg som vil ta dansegolvet med storm! Her lærer du grunnleggande dansar som gjer at du kan hoppa ut på dansegolvet på sommarleiren og i livet. Forhåpentlegvis blir du hekta for resten av livet.

Maria Skjeldrum Toppe
Dansar, musikkterapeut, hardingfelespelar og tidlegare sommarleirdeltakar.
09:00 - 12:00
Folkedans for vidarekomne

Kurset er for deg som har dansa tidlegare, men du treng ikkje vera ekspert for å melda deg på her. På kurset kjem me til å dansa bla runddans og arbeida med samspel med den du dansar med. Her blir det fokus på rotasjons- og samdansteknikk, i tillegg til at vi undersøker balanse og flyt i dansen. Vi kjem til å ha stort fokus på musikken. Korleis funkar det med puls, melodi og underdelingar, og korleis gjer me det for å få til tovegskommunikasjon med musikaren.

Kort sagt, på dette kurset arbeider vi med å få til ein avspent, kraftfull og musikalsk dans.

Ami Pettersson Dregelid
Dansar og ein av våre fremste folkedanspedagogar i Norden.
Synnøve Bjørset
Musikar og har master i utøving på hardingfele frå Norges Musikkhøgskole.
13:30 - 16:00
Mørkeromsarbeid

Du fotograferer, fremkallar din første film og går deretter inn i papirmørkerommet, der du får sjå det ferdige bildet kome til syne i kjemikaliebadet. Magisk! Utruleg!

Knut-Inge Johnsen
13:30 - 16:00
Kanopadling

Du får lære dei mest grunnleggande padleteknikkane. Vi drar på kanoturar i den flotte skjærgarden ved skulen. Fokus på sikkerheit, teknikk og kosen med å vere i kano ute på sjøen.

Lin Gloppen
13:30 - 16:00
Songdansens løyndomar

Anten du aldri har dansa songdans før eller kan alle visene i blåboka på rams skal dette kurset ha noko for deg. På dette kurset får du eit lite innblikk i ein verden av gamle slag, stolte kvinnfolk som reddar brødrane sine, enorme kråker, stolte riddarar og kanskje ein og anna raring. Du vil få tips til å lære deg tekstane og du får kanskje vite samanhengen mellom Odin og Harald Hårfagre (og slik kanskje lære korleis du kan finne ut kva som skjer i neste episode av tv-serien Vikings før alle andre). Dei som vil får òg prøve seg som skiparar (dei som leiar dansen), og mange gode tips til korleis ein kan gjere det på ein best mogleg måte.

Torbjørn Bergwitz Lauen
Folkedansar, songdansentusiast og gamal sommarleirtravar.
13:30 - 16:00
Komp i folkemusikken

På dette kurset lærer du korleis du kan kompa i folkemusikken. Å kompa vil seia å akkompagnera melodilinja.

Tore Bruvoll
Folkemusikkgitarist frå Tromsø og musikar i Hekla Stålstrenga.
13:30 - 16:00
Å spele til dans

Dette kortkurset er for deg som er dreven på instrumentet ditt og som har lyst til å bli ein god dansespelemann. Her arbeider me med korleis ein kan få til god dialog mellom musikarar og dansarar. Korleis kan ein som musikar fylgja dansarar og korleis kan ein som dansar gjera meir enn berre å dansa i takt?

Kristoffer Kleiveland
Toradarspelar frå Osterøy som har vunne landskappleiken to gonger. Glad i samspel og gler seg til sommarleir!
Maria Skjeldrum Toppe
Dansar, musikkterapeut, hardingfelespelar og tidlegare sommarleirdeltakar.
13:30 - 16:00
Snuteknikk

Denne ettermiddagen jobbar vi  med snuteknikk. Korleis kan vi få til ein bra og avspent snu saman? Vi kjem til å jobba med balanse, posisjon, tak og teknikk.

Ami Pettersson Dregelid
Dansar og ein av våre fremste folkedanspedagogar i Norden.
Synnøve Bjørset
Musikar og har master i utøving på hardingfele frå Norges Musikkhøgskole.
09:00 - 12:00
Vokalteknikk

Har du lyst til å bli ein betre songar? Med dette kurset får du ei generell innføring i vokalteknikk og stemmebruk. Første dag vil vere ei generell innføring i Complete Vocal Technique, med teori og praktiske øvingar. Dag 2 og 3 av kurset vert lagt opp etter masterclass-prinsippet, kor ein og kvar deltakar får 20-30 minutt med songundervisning. Som deltakar vil du då bli benden om å ta med ein sang eller eit utdrag frå ei låt som du synest er utfordrande og vil lære å meistre. Deltakarane som ikkje har solo-undervisning, får status som deltakanade observatørar. Det inneber at dei også gjentek øvingane som songaren først utfører åleine. Det er med andre ord svært mykje å lære av å oververe dei andre deltakarane si undervisning. Dei kan jobbe med repertoar innan alle sjangrar.

Du kan lese meir om teknikken her (på engelsk):
https://completevocal.institute/complete-vocal-technique/

Lin Gloppen
09:00 - 12:00
Bli ein betre fotograf

Nybegynnar eller vidarekomen? Her skal alle bli utfordra! Kan du mykje frå før, vil du dessutan vere ein god ressurs for dei som ikkje kan fullt så mykje. Begge delar er eit godt utgangspunkt. Det viktigaste er at du er innstilt på å lære og å vere aktiv.

Som kursdeltakar har du fri tilgang til skulen sitt flotte utstyr og fasilitetar: klasserom, mørkerom, studiokamera m/blitzlampar etc. Du har også fri adgang til skulen sitt analoge kamerautstyr, både klassiske, manuelle 35mm kamera og profesjonelle Hasselblad-kamera.

Knut-Inge Johnsen
09:00 - 12:00
Playbackteater

Teaterformen oppstod i New York i 1993 med Jonathan Fox i spissen, og er basert på improvisasjon innenfor faste former, inspirert av psykodrama, storytelling, og rituelt teater.
Playbackteater vert skapt i eit unikt samarbeid mellom publikum og skodespelarar, der ein gjer teatret til ein levande møteplass. Grunntanken er at alle menneske ber på historier, artige, triste, pinlege, rare og vakre minner. Det er ikkje eit manuskript, og alt blir improvisert, men spelet er bygd opp rundt eit fast mønster.

Ein i gruppa fungerer som spelleiar, og er den som har direkte kontakt med publikum. På scenen står fire skodespelarar som er klare til å tre inn i rollene, og 1-2 musikere som legg ”filmmusikk” til handlinga. På scena heng det tøystykke i ulike fargar, som blir brukt som rekvisittar/kostyme/scenografi i spela.

Elisabet Dale
09:00 - 12:00
Samspel for vidarekomne

På dette kurset speler me i lag på tvers av instrumenta me har. Speler du hardingfele, fele, gitar eller andre instrument og har lyst til å spela saman med andre er dette kurset for deg. Kurset er basert på gehør. Her lærer me slåttar, arrangement og speler fengande låtar saman!

Kristoffer Kleiveland
Toradarspelar frå Osterøy som har vunne landskappleiken to gonger. Glad i samspel og gler seg til sommarleir!
09:00 - 12:00
Folkedans for nye

Dette hovudkurset er for deg som vil ta dansegolvet med storm! Her lærer du grunnleggande dansar som gjer at du kan hoppa ut på dansegolvet på sommarleiren og i livet. Forhåpentlegvis blir du hekta for resten av livet.

Maria Skjeldrum Toppe
Dansar, musikkterapeut, hardingfelespelar og tidlegare sommarleirdeltakar.
09:00 - 12:00
Folkedans for vidarekomne

Kurset er for deg som har dansa tidlegare, men du treng ikkje vera ekspert for å melda deg på her. På kurset kjem me til å dansa bla runddans og arbeida med samspel med den du dansar med. Her blir det fokus på rotasjons- og samdansteknikk, i tillegg til at vi undersøker balanse og flyt i dansen. Vi kjem til å ha stort fokus på musikken. Korleis funkar det med puls, melodi og underdelingar, og korleis gjer me det for å få til tovegskommunikasjon med musikaren.

Kort sagt, på dette kurset arbeider vi med å få til ein avspent, kraftfull og musikalsk dans.

Ami Pettersson Dregelid
Dansar og ein av våre fremste folkedanspedagogar i Norden.
Synnøve Bjørset
Musikar og har master i utøving på hardingfele frå Norges Musikkhøgskole.
14:00 - 16:00
Pinhole (fotografi)

Lag ditt eige kamera!

Knut-Inge Johnsen
14:00 - 16:00
Salsa og latindans

Vi går gjennom grunnleggande trinn i pardansar som samba, cha cha cha, jive og salsa. Etter kortkurset vil du vere betre rusta til å gjenkjenne dei ulike rytmene og forhåpentleg glede deg over å kunne danse etter dei. Fokus på danseglede og norsk sjølvironi!

Lin Gloppen
14:00 - 16:00
Vestlandsspringar

Springarane på Vestlandet er dei eldste i landet og på dette kurset lærer du å dansa ein springar.

Maria Skjeldrum Toppe
Dansar, musikkterapeut, hardingfelespelar og tidlegare sommarleirdeltakar.
14:00 - 16:00
Rudl

Håkon Dregelid kjem frå Voss og saman med Ami og Synnøve skal vi dansa rudl!. Rudl er ein bygdedans frå Vestlandet, mest brukt i Hardanger og på Voss.

Lærar på kortkurset er Ami Dregelid, dansaren som brenn for musikken og spelekvinne Synnøve Bjørset som brenn for å spela til dans. Saman er dei krutt!

Ami Pettersson Dregelid
Dansar og ein av våre fremste folkedanspedagogar i Norden.
Synnøve Bjørset
Musikar og har master i utøving på hardingfele frå Norges Musikkhøgskole.
Select date to see events.