Historia om Sommarleiren

Årets sommarleir går av stabelen på Solbakken Folkehøgskole på Skarnes i Hedmark. Men visste du at dette er den sekstande Sommarleiren? Eller at Sommarleiren er eit framhald av dei tidlegare landsstemna og sommarkursa som Noregs Ungdomslag har skipa til sidan slutten av 1890-talet?

Men den første kimen til kva me no kjenner som Sommarleiren høyrer me om i 2001 når det vart skipa til “frå halling til hiphop” i samband med landsstemnet i Asker. Dette året vart det òg sendt ut innbyding til alle ungdomsringane i landet frå FLUR (Fylkeslagets ungdomsring i Aust-Agder Ungdomslag) om å kome til Lillesand i nokre dagar før landsstemnet i Asker kor dei m.a. var på utflukt til Dyreparken og vart godt kjente før dei skulle til Asker. Dette kom til å verte kalla “Noregs Ungdomsring”, og vart så populært at det vart teke opp att året etter og kvart år fram til i dag. Dei første åra varte det berre nokre dagar i framkant av festivalen. Då var det leir frå måndag til onsdag, også vart det festival frå torsdag til sundag.

Dei første åra var det òg berre kurs i folkedans, og målgruppa var for det meste dei etablerte ungdomsringane rundtom i landet. I 2008 når det var leir og festival i Lillesand vart det før første gong skipa til teaterkurs og spelkurs som gjekk parallelt med dansekurset. I 2009 vart det igjen utvida med kurs design. I samband NORDLEK i Steinkjer i 2012 vart det invitert til Nordisk Sommarleir, og kursmodellen vart endra frå parallelle langkurs til mange ulike kortkurs. I dag har vi ein kombinasjon med både lengre hovudkurs og kjappe kortkurs – noko for alle!

Oslo 2007

Oslo 2007

Vågå 2004

Tidlegare sommarleirar:

2018: Solbakken Folkehøgskole
2017: Fana Folkehøgskole
2015: Porsgrunn/Skien
2014: Ørsta
2013: Kongsberg
2012: Steinkjer (Nordisk Sommarleir)
2011: Bodø
2010: Bergen
2009: Hamar
2008: Lillesand
2007: Oslo
2006: Steinkjer (I november i samband med Hilmarfestivalen)
2006: Trondheim
2005: Kirkenes
2004: Vågå
2003: Ringebu
2002: Beitostølen
2001: Asker/Lillesand


Ein ting som er sikkert er at det har vore ein del namneendringar dei siste 15 åra, og no lyt me prøve å forklare dei ulike namna og når dei vart endra. Sidan seint på 1890-talet har Noregs Ungdomslag skipa til årlege stemner, ofte kalla landstemne eller NU-stemne. I 2002 byta dei namn til Folkekulturfestivalen for å prøve å femne om eit større publikum enn berre NU-medlemmar. I 2010 vart dette endra til Folkedansfestivalen, noko den heitte fram til den vart nedlagt på landsmøtet i 2015. Den siste Folkedansfestivalen gjekk av stabelen i Ørsta i 2014. Den første “sommarleiren” i 2001 hadde eigentleg ikkje noko namn, men fekk namnet Noregs Ungdomsring i 2002. Dette vart endra til Sommarleiren i 2010.

Sjølv om Sommarleiren med andre ord ikkje er eldre enn 16 år, har NU ein lang tradisjon for å skipe til sommarkurs og stemner. Som sagt har det vorte skipa landsstemner sidan seint på 1890-talet, og fram 2006 vart det skipa til årlege sommarkurs for å utdanne instruktørar i dans og teater. Fleire av ingrediensane frå det tidlegare landsstemnet heng framleis att i dagens Sommarleir som improkappleik (tidlegare kalla SMITS, altså Stemnemeisterskap i teatersport), nattdebatt og storslagen dansefest på laurdagen (tidlegare kalla leikfest).

Sommarleiren 2011

Bodø 2011

Kongsberg 2013

Kontakt oss

  • Rita Sirirud Vatnehol

    Hovudansvarleg for leiren

  • Telefonnr.

    47 84 99 23

  • Epost

    rita@ungdomslag.no

Om arrangøren
Om arrangøren

Sommarleiren er er tilskiping i regi av Noregs Ungdomslag (NU). Organisasjonen vart skipa i 1896, og har som føremål å skape engasjement og levande lokalmiljø, gjennom folkelege kulturaktivitetar.