For føresette – Sommarleiren 2018 For føresette | Sommarleiren 2018

For føresette

Sommarleiren blir i år halde på Solbakken Folkehøgskule i Hedmark. Leiren er open for alle ungdommar, ikkje berre dei som er medlemmer i lokallaga våre.

I tillegg til kursprogram legg vi stor vekt på samvær med andre ungdomar innanfor trygge rammer. På kveldane er det mange aktivetar, frå dansefest til improkappleik der vi testar ut teatersport. Vi legg også opp til utflukt i nærområdet laurdagen.

Sommarleiren er ei rusfri tilskiping.

Det sosiale miljøet, potetar og andre vaksenpersonar

Deltakarane på leiren er i alderen 13-25 som er eit ganske stort aldersspenn, men som berre har synt seg å vere ei styrke for leiren og og det sosiale miljøet. Dei eldste deltakarane har som oftast sjølv vore med i mange år og veit korleis det er å vere mellom dei yngste. Deltakarane våre er flinke til å ta vare på kvarandre, og til å inkludere alle.

På Sommarleiren har me ei gruppe eldre ungdommar som går under namnet «poteter». Desse ungdommane har vore med på leiren før, og har vorte plukka ut etter ein søknadsprosess til å få vere med å hjelpe på leiren. Dei har hovudansvaret for det sosiale på leiren, og kan fungere som fadrar for dei heilt nye på leiren. Dei har òg andre arbeidsoppgåver og kan nyttast til det meste (derav namnet potet).

I tillegg til potetane er det ei rekke vaksenpersonar på leirområdet. På dagtid er dei tilsette i Noregs Ungdomslag tilstades på kontoret, og vaksne dugnadsfolk frå lokallaga i område er i sving med matlaging, rydding og vakthald. Om nettene er det vaksne nattevakter tilstades på området til ein kvar tid.

Noregs Ungdomslag

§ 1 Føremål: Noregs Ungdomslag skal gjennom folkelege kulturaktivitetar skape engasjement og levande lokalmiljø.

Noregs Ungdomslag (NU) vart skipa i 1896 og er ein kulturorganisasjon med over 14 000 medlemmer i omlag 400 lag i heile Noreg. Mykje av aktiviteten er knytt til folkedans, teater, bunad og barne- og ungdomsarbeid, men ungdomslagsrørsla har eit unikt mangfald av aktivitetar.

Noregs Ungdomslag er ein leiande kulturorganisasjon i Noreg. Vi har eit ansvar for å ta vare på og stadig aktualisere den tradisjonelle folkekulturen. Dette gjer vi for å styrke lokalsamfunna over heile landet. Ved å styrke enkeltindividet gjennom å utøve tradisjonelle og nye kulturuttrykk og lære å organisere dette, styrker vi samtidig samfunnet og demokratiet.

Kontakt oss

  • Inger Johanne Ruset

    Hovudansvarleg for leiren

  • Telefonnr.

    41 14 01 23

  • Epost

    inger.johanne@ungdomslag.no

Om arrangøren
Om arrangøren

Sommarleiren er er tilskiping i regi av Noregs Ungdomslag (NU). Organisasjonen vart skipa i 1896, og har som føremål å skape engasjement og levande lokalmiljø, gjennom folkelege kulturaktivitetar.