Bli potet!

Ein potet er ein røynd leirdeltakar som har eit ekstra ansvar for å gjere leiren til ein kjekk stad for alle deltakarane. For å bli potet må du sende ein søknad til post@sommarleiren.no innan 25. april. Dei beste kandidatane blir valt ut til å vere potetar. Sjå arbeidsomtale for meir informasjon 

Arbeidsomtale potet på Sommarleir

Sommarleiren i Noregs Ungdomslag er for ungdom mellom 13 og 25 år. For å kunne skipe til ein trygg og god leir for alle deltakarane, treng ein hjelparar som kan vere til stades og bidra under hele leiren. Administrasjonen i NU/NMU har ansvar for teknisk gjennomføring av det faglege, alt av avtalar med tilskiparstad og eit overordna ansvar for tryggleik på leiren.

Sommarleirutvalet er tillitsvalte nedsett av styret i NU til å arbeide med Sommarleiren gjennom heile året. Sommarleirutvalet har ansvar for planlegging og gjennomføring av dei sosiale aktivitetane under leiren, og skal vere med og sjå til at alt vert gjennomført etter plan og ønskje. Utvalet har også ansvar for å sjå til at leirdeltakarane har det bra under heile leiren.

Potetar er hjelparar som arbeidar berre under leiren. Potetar skal vere ein ekstra tryggleik for at leiren skal gå som smurt og at leirungdommane kjenner seg sett og trygge. Oppgåvene til ein potet er fleire og varierte, og det er nettopp derfor dei blir kalla potetar.

Som potet skal du:
  • Vere førebilete for leirungdommane.
  • Vere kontaktperson for leirungdommane.
  • Hjelpe til med praktisk dugnadsarbeid.
  • Følgje til butikken.
  • Vere til stades under heile leiren.
  • Vere godt synleg i alle fellesareal, under kurs og under sosiale fellesaktivitetar på kveldstid.
  • Bidra til at alle leirdeltakarane kjenner seg inkludert i aktivitetar. (men ikkje tvinge nokon med på noko dei ikkje vil.)
  • Seie ifrå til leirsjef eller ein frå administrasjonen når du ser eller høyrer om spesielle hendingar. Som potet har du ikkje åleineansvar for slike episodar, og skal ikkje handtere desse åleine.

Gylden regel: Det er betre å seie ifrå eller spørje ein gong for mykje, enn ein gong for lite.

Eksempel:

  • At ein leirdeltakar deler informasjon som er av ein slik art at ein leiransvarleg bør få vite det.
  • Episodar kor leirdeltakarar bryter reglane for leir (t.d. oppførsel, rusmiddel)
  • At nokon er sjuke.
  • At nokon ikkje er til stades/ikkje deltek der dei skal.
  • At nokon gøymer seg unna.
  • At nokon viser teikn på å ikkje trivst.
  • Observasjon av framande på leirstaden o.l. 
  • Delta på daglege informasjonsmøte med administrasjon, utval og potetar.
  • Signere på ei avtale som viser at du forpliktar deg til å gjere jobben du har takka ja til.
Som potet får du:
  • Gratis sommarleir med overnatting på dobbeltrom.
  • Dekka tilsvarande billigaste reiseveg til og frå leiren.

For å vere potet må du vere over 18 år gammal og ha deltatt på leir tidlegare.

Vil du vere potet?

Send din søknad på e-post til: post@sommarleiren.no innan 25. april. Søknaden må innehalde informasjon om deg sjølv og grunngjeving for kvifor du passar som potet. Erfaring frå tidlegare leirar er også viktig å formidle.

Snapchat

Ungdomslag

Facebook

www.facebook.com/sommarleiren

Instagram

Sommarleiren

Kontakt oss

Tlf. 24 14 11 10
Om arrangøren
Om arrangøren

Sommarleiren er er tilskiping i regi av Noregs Ungdomslag (NU). Organisasjonen vart skipa i 1896, og har som føremål å skape engasjement og levande lokalmiljø, gjennom folkelege kulturaktivitetar.

Om Norsk Målungdom
Om Norsk Målungdom

Norsk Målungdom (NMU) er den største ungdomsorganisasjonen for språk i Noreg, og den einaste som jobbar for nynorsken og dialektane. I 2020 samarbeider NMU med Noregs Ungdomslag om Sommarleiren for andre gong.