Sommarleirappen

Nytt av året er at me har fått utvikla ein eigen App til iOS og Android. I denne appen finn du alt du treng av info om leiren, kart over nærområdet og full oversikt over programmet. Du kan òg lage ditt eige personlege leirprogram i appen.

NB! Første gong du opnar appen må du godta å få varslar frå appen. Under leiren kjem me til å nytte varsel-funksjonen til å informere om endringar i programmet o.l.



Program

Den første fana du ser når du opnar appen er programmet. Her får du eit fullstendig oversyn over dei ulike programpostane.

Personlege program

I appen kan du lage ditt heilt personlege program. Dette gjer du på følgjande vis:

  1. På kvar programpost er det eit tomt hjarte-ikon (♡).
  2. Trykk på dette ikonet slik at det vert fylt (♥).
  3. Trykk på hjarte-ikonet (♡) øvst til høgre i appen for å berre syne dei programpostane du har markert.

Nyhende

Her kan du lese siste nytt om leiren. Desse nyhendesakene er henta direkte frå Facebook-sida vår www.facebook.com/Sommarleiren.

Info

Her får du fullstendig oversyn over all praktisk informasjon du måtte ha behov for.

Sosialt

Her ser du alle instagrambilete merka med emneknagg #sommarleiren.

Kart

Her finn du eit oversyn over nærområdet til leiren. Me har markert tre punkt på kartet.

  • Solbakken Folkehøgskole (leirområdet)
  • Skarnes stasjon, kor rutebussane og tog frå Oslo og Kongssvinger stoppar
  • Gardermoen, næraste flyplass



Om arrangøren
Om arrangøren

Sommarleiren er er tilskiping i regi av Noregs Ungdomslag (NU). Organisasjonen vart skipa i 1896, og har som føremål å skape engasjement og levande lokalmiljø, gjennom folkelege kulturaktivitetar.