Aktivitetar

Under sommarleiren vert det flust med aktivitetar. Under kan du lese litt meir om nokre av høgdepunkta.

Sommarleirfesten!

Kva er vel ein Sommarleir i Noregs Ungdomslag utan ein skikkeleg fest? Det blir ein ekstra fin middag med dessert etterfulgt av dans og moro.

Utflukt

Ei utflukt er under emning, men vi avslører ingen detaljar heilt enno… 

Improkappleik

Er du kvikk i vendinga? Kjapp i replikken? Har du glimt i auga? Då er det berre å slenge seg på impro-kappleiken! Her får du og ditt impro-lag bryne deg på dei andre deltakarane på leiren, og det vil sjølvsagt verte kåra ein vinnar! I år vert det improkappleik etter tradisjonen.

Kveldsdans

Sånn i tilfelle du føler at danseskoa ikkje har vorte nytta nok i løpet av dagen, så får du sjansen til å danse dei inn om kvelden! Anten du er reine danseeksperten eller du aldri har sett din fot på eit dansegolv før, så kan du vere sikker på at du får utfalde deg på dansegolvet.

Temafest

Kvart år vert det temafest, og snart vil vi avsløre kva temaet blir.   

Nattdebatt

Seint om kvelden – ja nærare midnatt vert det: Nattdebatt! Då vil dei talelystne få utfalde seg med dei orkar, innan eitt eller fleire tema (valt av nattdebattgjengen). Her kan de bryne dei små grå, tøye stemmebanda og kvesse tunga!

 

Hekleløp

Har du alltid hatt lyst til å vinne eit hekkeløp, men aldri kunne sprunge fort nok eller hoppe høgt nok? På Sommarleiren har du høve til å verte noregsmeistar i hekleløp! Ta ei nål og litt tråd, hekle i veg, og hugs: alt og alle skal vere på plass at når musikken tek slutt.